Blog

Blog

Ein ny spørsmålstype der studentane får ein matematikkeditor til å skriva matematiske formlar er omsider klar for publisering. Læraren må bruka LaTeX-kode for å uttrykka matematikk i spørsmålet, men bruken er ellers rett fram, basert på den vanlege Short Answer-spørsmålstypen.

Det tek normalt fleire månader med vurdering og godkjenning før ein ny plugin dukkar opp i Moodle sitt plugin-arkiv. Inntil vidare kan interesserte brukarar finna spørsmålstypen på github: https://github.com/KQMATH/moodle-qtype_shortmath

Me er òg klar for publisering av ein quiz-modul frå systerprosjektet Adaptivt Læringssystem.  Modulen har fått namnet CAPQuiz.

Ny modul

Den fyrste prototypen til ein ny modul som skal gjera det enklare for studentane å svara i form av matematiske uttrykk, er klar no i juni.

Modulen har fått arbeidsnamnet mathex, og kan brukast saman med eksisterande spørsmålstypar for å gje studentane ein formeleditor (WYSIWYG - What you see is what you get) i staden for tekstfeltet. I JazzQuiz kan me bruka mathex saman med fritekstspørsmål. Svarene som kjem inn frå studentane er då koda for vising, slik at dei vert vist pent som matematiske uttrykk i rapportane. Dette skal me testa i undervising til hausten, før modulen (vonleg) vert publisert.

Automatisk retting bruker me normalt ikkje saman med JazzQuiz, so dette har me ikkje prioritert. Det er likevel mogleg å implementera autoretting for spørsmålsforfattarar som kjenner LaTeX. Dersom ein bruker RegExp-spørsmål i staden for den vanlege friteksttypen, kan ein autoretta basert på regulære uttrykk (dvs. avansert bruk av jokerteikn). Dette er ikkje like fleksibelt som STACK, men enklare. Autoretting av matematiske uttrykk er noko som me vil arbeida vidare med i andre prosjekt.

JazzQuiz er publisert

JazzQuiz er denne månaden publisert som modul i Moodles offisielle arkiv: sjå https://moodle.org/plugins/mod_jazzquiz

Søknaden om opptak vart sendt tidleg i januar, og sidan då har JazzQuiz vore gjennom ein godkjenningsprosess for å sikra at kvaliteten er bra nok for publikasjon som eksperimentell modul.

Dette er ein milepæl, der me ser at arbeidet me har gjort er godt nok til å kunna ha verdi for andre. Derimot er det slett ikkje slutten på utviklinga. Der er stadig ting som me ynskjer å forbetra, kanskje særleg grensesnittet på små skjermar (mobiltelefon o.l.).

Fyrste utprøving august 2017

Prosjektet har vore svært aktivt sumaren 2017, og resultatet er ein ny aktivitetsmodul til Moodle. JazzQuiz, som modulen heiter, er laga spesielt for å kunna improvisera spørsmål i ein quiz der deltakarane er til stade saman i klasserommet eller auditoriet. Det skal vera didaktikkens svar på jazzens Jam Sessions.

Modulen er er førebels ikkje moden nok for distribusjon, men me har brukt han med godt resultat i undervisinga i Grunnleggjande Matematikk dei to fyrste vekene av semesteret. Nokre spørsmål vert planlagd på førehand, og systemet let oss inkludera matematiske formlar som vert vist korrekt med matematisk typografi på skjermen. Andre spørsmål vert stilt ad hoc. Då vert spørsmålet gjeve munnleg og/eller på tavla, medan studentane svarer gjennom quiz-systemet. Læraren treng to tastetrykk for å starta eit slikt spørsmål og velja svartype, anten fleirsvarsoppgåve, sann/usann, kort svar (tekst), eller algebraisk uttrykk.

Me bruker quizzen ikkje berre til faglege spørsmål, men òg til bakgrunns- og evalueringsspørsmål, for å få eit inntrykk av studentane sin bakgrunn, eller kva utbyte dei har.

Dei neste prosjektmåla, som me håper å nå utover hausten, er

  1. Rydda opp i og dokumentera programkoden, og klargjera modulen for distribusjon.
  2. Leggja til funksjon for rapportering og statistikk av innkomne svar etter at quizøkta er slutt.
  3. Betre filtrering av svar, slik at likeverdige svar vert rapport samla, særleg for algebraiske svar.

Modulen vår bruker eksisterande spørsmålstypar i Moodle. Matematiske spørsmål bruker STACK. Når den fyrste versjonen er publisert ope, vil me òg sjå om me kan forbetra og komplementera desse spørsmålstypane. Særleg ynskjer me at studentana skal ha ein grafisk editor for å skriva algebraiske uttrykk.

Seminar 25. april

Prosjektet Klasseromsquiz i Matematikk inviterer til seminar 24. april 2017.

  • Tid 25. april kl. 13-14.30
  • Stad A335 (NTNU i Ålesund)
  • Tittel Undervising med digitale verkty

Seminaret er ein serie med korte (5-10min) presentasjonar og diskusjon i salen.

  1. Hans Georg Schaathun (proesjektleiar): Klasseromsquiz
  2. Siebe van Albada: Adaptivt læringssystem
  3. Geirmund Oltedal (instituttleiarar): Eit anna quiz-perspektiv
  4. Aslak Bakke Buan, nestleiar Inst for Matematiske Fag (Trondheim og Gjøvik)
  5. Inger Dagrun Langseth: NTNU Drive

Pga. snøver og andre ting har diverre Jin Hasvoldseter og Robin Bye meldt forfall.

Prosjektet er registrert

I dag er med ferdig med budsjettrevisjon og liknande papirarbeid, og registreringsskjemaet er sendt inn til Noregsuniversitetet.

No startar den verkelege jobben.